Author Archives: doktordaniel

Tredelt; Tønsberg, Nøtterøy, Horten.

Sjølv om ein ikkje er fysisk samla, kan ein likevel samlast om ein aktivitet. Til dømes bading.

Oda Inanna er langt vekke. Ho er heilt oppi Nord-Noreg! Men, sjølv om ho er på ferie, har ho ikkje tenkt til å gløyma at ho brenn for miljøsaka, eller lata som om verda står stille medan ho er langt vekk. Oda tek eit bad på Hoøya.
Image
Image
Sjå! Ho har til og med fått med seg eit medmenneske. + for den.

No over til Nøtterøy.
Eg og Ingunn var nemleg dei einaste som med sikkerheit hadde tenkt til å bada den måndagen, men så hende det seg altså slik at ingen av oss tok bussen inn til Tønsberg. Me vart rett og slett nøydd til å tenkja lokale løysinger.
Ingunn hoppar i sjøen på Nøytterøy:
Image
Heftig!
Etterpå skal eg spørja kven fotografen var.

Så, til sist, går me til Horten. Til ein type som er trøytt og ugrei, som ikkje vil dra seg heilt ned til fjorden. Han må såleis tenkja endå meir lokalt. Kva kan gjerast? Jo. Badekaret kan jo vera i hagen. Det er faktisk alltid betre å gjera litt enn å gjera ingenting.
Image
Badarar: 4
Badeplassar: 3
Badeender: 3
Fotografar: 3
Alle gode ting er: 3, 2

Sånn går altså dagane. Ein gong i veka badast det, og det er ikkje alltid alle har moglegheit til å flytta på seg, og det er ikkje alltid alle er friske eller er i nærleiken. Men, badast skal det gjerast uansett. Frå Vestfold starta å bada i Mars, har det ikkje vore ei einaste badelaus veke. Kvar veke har me vore med på å visa at ungdomspolitikarar i Grøn Ungdom har badeballar.

Reklamer

Tiande veke – og ny ven

Førre måndag bada me for tiande gong. Denne gongen badar me for tiande veke! To jubileum på rad – det er ikkje verst. Difor feirar me med å kryssa grensar. Det handlar om å ikkje falla til ro i latskapen sjølv om ting ser ålreit ut på overflata. For sjølv om vatnet kanskje ikkje er kaldt lenger – iallfall ikkje så kaldt at ein ikkje kan venna seg til det etter nokre minutt – er det svære digre tvilsame bygg overalt kring oss. (Kan leggja ved bilete neste gong) Det er eit stykke over til andre sida – bort til stigen der me har bada eit par av dei siste gongane – og akkurat no er det ikkje båter i nærleiken. Skal me gjera denne handlinga, må me gjera det no, før båtsesongen. Eg ringjer ein kompis for å få han til å filma, og han spaserer over brua og fylgjer oss med kamera mens me plaskar frå den eine sida til den andre. For å vera sikra, har me med oss den nye kameraten vår, som er ein krokodille. Sjølvsagt skrur mobilen seg av mot slutten slik at det ikkje vert noko av filmen.
Image
Det er viktig å hoppa inn i nye ting, sjølv om det ser aldri så skummelt ut – men, ein må òg ha ein viss sikkerheit bakom. Er me, Miljøpartiet Dei Grøne,  dei einaste som klarer å kombinera desse to tinga?

10badsjubileum i Vestfold!

Vestfold klatrar ned i fjorden for niande gong, og badar for tiande. Med andre ord; ein stressa badegeneral flyg omkring i huset sitt og leitar etter slips (sk

al laga eit grønt eit til neste gong) og kokar brennesle- og rødkløverte. Denne gongen er behovet for oppvarming forøvrig mindre enn nokon gong.
Det har vorte varmt. Iallfall varmare. Ikkje lenger frykta for lammande krampe og å sokke ned til botnen. Likevel går det menneske forbi, og dei seier «det såg kaldt ut!». Ettersom det er 10badsjublileum, må me gjera noko utav det. Så me sym lengre. Me sym heilt frå den eine stigen til den andre stigen. Det er langt, det. Me sym på bryst og på rygg. Me sym i mange minutt. Kanskje ti!

Image
Eit menneske tittar forundra uti vatnet. Kva er det desse menneska driv med? tenkjer han. Held dei på å drukna? Her er det ikkje det minste normalt å symja. Skal eg kasta ut ein ring? Han ristar på hovudet og går vidare.
Image

ImageEtterpå er hjernen klår og inspirert, og nye og gamle impulsar flommar ut av munnane våre som vasstraumar!!! Det er badinga si.

Eit svanebad

På måndag såg me eit sikkert vårteikn. Nemleg ein svane som dreiv rundt. Etter kvart kom det fleire, og når me sette oss ved bryggekanten kom dei symjande mot oss.
Image
«Har de tenkt dykk ned i vatnet mitt?»

Image
Svanar ser greie ut, men skinnet kan bedra. Best å vera på den sikre sida og venta på at dei er vekke. Litt som vêret 28. april. Det er sol og det er vår, men svært få sit ute. Det er sterk vind.
Image
Eitt par menneske og eitt par svanar. Sånn går no dagan(e).

Neste gong me badar er det mai, og på den måten hakket mindre utfordrande. Til då er det ei oppgåve å finna ut korleis me kan gjera det vanskelegare (og meir spanande) for oss sjølv. Kanskje me skal ta hundremetaren?

Måndag på torsdag

Denne veka hadde me måndag på torsdag i staden. Me spankulerte saman bort til det splitter nye osebergskipet,og den sterke lukta av tjære. Eit flott skip:

Image
Me var ueinige om kva side av skipet me skulle bada på, men konkluderte med ja takk begge delar.

Badevêr i dag: Masse sol og endå meire vind – ålreit!
Temperatur i vatnet: Mindre kaldt enn sist, utan at det har vorte keisamt av den grunn.
Antal bad: 2
Antal badande: 3
Antal badande i kvart bad: 2

Me nærmar oss mai, og snart er det ikkje lenger noko spektakulert offer å ta eit bad i fjorden eller sjøen. Det nærmar seg tida av året der det kjem båtar. Kvar skal me bada då?

Eit bad og eit bonusbad

Det er viktig å ikkje gro fast i gamle mønster. Er det noko som er uheldig, så er det jo nettopp det. Difor testar me ut ein ny badeplass som ikkje er ein av våre to faste. Me er riktig nok framleis i Tønsberg, men denne gongen tek me ferda over brua og leiter etter ein ny stige. Det finner me kjapt.
Image
Er det berre fantasi, eller har det vorte meir guffent sida sist?

Badevêr: Ikkje så oppsiktsvekkjande.
Merksemd: Lite av det på denne sida av brua
Journalistar tilstade: Ingen :- (
Badarar: 3
Image

Topp!

På torsdag kom forøvrig – endeleg – oppslaget om oss i sjølvaste Øyene! Me har kjøpt oss kvar vår avis, og når me kjem opp på land etter nok eit forfriskande bad, beundrar me avisoppslaget ilag.

Image
«Heldigvis hadde de på seg ullsokker», skriv Øyene.

***

No over til bonusbadet. Bonusbadet fann stad på torsdag (same dag som Øyene kom ut).
«Det er vel ikkje mogleg at de kan bada ein gong til då, på torsdag eller fredag, eller noko sånt?» spurde ein journalist frå Byavisa. Sjølvsagt kunne me det! Spontane, impulsive og handlekraftige som me er!

Me møtte opp på brygga to dagar seinare, i snø og sno. Snø. Så langt uti april. «Den globale oppvarmingen kan være årsaken», leser me på storm.no. Journalisten hakkar tenner.
Image
Image
Badarar den dagen: 3
Temperatur i lufta: 0
Tid i vatnet: Kanskje det lengste badet hittil?

Fortsetjing fylgjer…

Fjorden i forandring

Image

Her har det skjedd mykje på to veker. Eg får god tid til å observera badevatnet og badevêret på eigahand medan eg ventar på dei andre badarane. Sola har gått frå berre å vera til pynt, til å faktisk gjera ein merkbar temperaturforskjell i lufta. Menneska har flytta seg ut frå husa sine og kryp og går i gatene, og endå viktigare, langs brygga. Måkane derimot, har flytta seg til den andre badeplassen.

Dei få isflaka som er att, er nesten borte, og vatnet er ikkje lenger blått og klårt, men grågrønt og uklårt.
“Hva i all verden har skjedd med vannet?” undrer Oda. “Der er det en sigarettsneip!” Tenk om vatnet er forurensa! Mild panikk bryt ut. Så kjem Ronja. At vatnet ser sånn ut, seier ho, er eit godt teikn – det betyr at det lever. Me slår oss til ro med at det er algar som gjev vatnet denne merksnodige utsjånaden.

Image
Badar-situasjonen er som fylgjar, blant dei faste oppmøtte:

1 stykk badar forkjøla
1 stykk badar oppteken med guidekurs
1 stykk badar sette på pause

Dei to resterande badarane må bada åleine, med 1 stykk forkjøla fotograf på land.

Er det trygt å hoppa? Kva om me kræsjar i bosset på veg ned i vatnet, og døyr? Mykje fram og tilbake. Endar opp med å klatra nedover stigen. Vatnet ser kanskje varmt og godt ut, men er i sannheit ein ulv i fåreklede – dette kjennar me att – dette er det politiske systemet!

Image

Stigeslepp (det er når ein hengjer i ein stige, og så slepp ein seg utti. Det er nivået under hopping):
Image
Image

Brutalt og nådelaust fyrst – forfriskande etterpå.

Neste veke debuterer me i Horten!

Ein kan då bada på fjellet!

Det er påskeferie, difor er plutseleg alle på ferie og på kvar sin kant. Allikevel kan ein ikkje oppføra seg som seige politikarar som trur at heile verda er på ferie berre av di dei er det. For Klimaet tek nemleg ikkje Ferie – og det hugsar me på, iallfall to av oss, medan me spaserer ut i snøen, vekk frå det kjekke lyet bak hytta, til den opna plassen der vinden kjem blåsande Overaltifrå.
Image

Her var det jommen kaldt.

Det er ikkje noko fjord på fjellet som me veit om, men snø er berre vatn som er kaldt. Sjølvsagt kan ein symja i snø. Spesielt når snøen er så djup at ein tråkkar gjennom sånn at ein har snø til over kneet. Det låg halvtjukk skare over snøen, skarpt, litt som isen i fjorden.

Badande vestfoldingar på Fjellet: 2
Badevêr: Kaldt i vatnet (!), sånnpasse i lufta – perfekt
Skigåarar som kom forbi og spurde kva me dreiv med: Ingen :- (

Image

Snøen er fin. I snøen kan ein bada, basa, aka og ikkje minst stå på ski. Utan snø hadde me måtte ha hjul under skia når me skulle ha skirenn. Utan snø, måtte me byggja snømann av andre ting, som til dømes halm (halmmann) eller strå (stråmann). Me måtte aka i gjørma – og det er mykje verre å koma heim med gjørmete klede enn våte klede, så alle hadde slutta med aking. Dessutan er det fint at snøen kjem om vintaren og ikkje om sumaren, for då hadde me måtte feira St. Hans på fjellet og feira jul på stranda. Og viss alle skulle kasta søppelet sitt i snøen, ville me fått colaboksar i ræva når me akte, og embalasje i munnen når me ramla. Sånn vil me ikkje ha det.

Image

Å måka fjorden

Isinspeksjon. Isen liggjer over vatnet i form av sløsj, og ein kan lett tråkka gjennom. Men ikkje symja.
Image

Image
Ein gjeng måker er forvirra over konsistensen. Av og til går dei gjennom, av og til sklir dei. Dei snublar rundt på overflata av vatnet. Me vert einige om den gamle badeplassen. Då kan me måka vekk isen medan me spaserer utti. Sist gong kunne ein dytta vekk isen i svære flak, sånn at han flaut vekk. No går det berre hol.

Ingunn dengar laus på fjorden med ei diger påle, men det har ikkje noko spesiell effekt. Isen nektar å flytta seg. Me innser at me vert nøydd til å brøyta ho vekk på veg utti.
Image

Badarar: 4
Vêr: Blå himmel og sol
Antal blødande iskutt: 2-3
Antal journalistar frå Øyene som tilfeldigvis gjekk forbi og bestemte seg for å laga ein reportasje: 1

Image

Vatn, is, kulde, er skarpe, klåre ting som reinskar opp i hjernen og i menneskesinnet. Etterpå er engasjementet på topp. «Me skal gjera ditt!» og «skal me gjera datt?» Sjølv om me hutrar og er kalde utanpå, er det lite av den karakteristiske berømte kulda på innsida. Og det er jo akkurat sånn det skal vera.

Image
Dette vert vårt fyrste oppslag i avisa så langt. Me håper å gjera det til ei trend.

Mindre is, meir folk

Isen er i ferd med å smelta. Det store, tjukke islaget som på onsdag tvang oss til å bada i ein liten hyggjeleg avkrok der ingen kunne sjå oss, er plutseleg vekke. Plutseleg står me på Brygga, midt oppi bylivet, og diskuterer om me skal klatra ned stigen eller om me skal bada same plass som sist. Kva er me villige til å ofra berre for å eksponera oss for fleire menneske?

«Kva med livet og helsa vår?»
«Her kan me koma til å drukna!»
«Her leggjer dei til båtar om sumaren, det er sikkert ikkje lov å bada her!»
«Alle kan sjå oss skifta!»

205354_10152671041280243_1760374080_n - Kopi

Etter å ha stått i ein sirkel og diskutert, fann me ut at alle helst ville bada i den lille hyggjelege kroken der me berre kunne vassa utti og ingen kunne sjå oss. Men, hadde det vore hyggje me kom for, hadde me bada i badekaret.

Eg går halvveis ned stigen.
«Ingunn?» seier eg. «Vil du bada fyrst?»
487677_10152671045940243_2067956920_n
487696_10152671062005243_129292818_n

Brosjyrar utdelt til folk: 1
Badarar: 3
Badevêr: Mindre is og meir vind

Etter eit par symjartak vert hendene, føtene og fingrane stive. «Kjem eg meg levande tilbake til stigen?»

24311_10152671067025243_477464216_n

Fortsetjing fylgjer…